Hormonsyklusen enkelt forklart

 

Illustrasjon: Karoline Sæther

 

Kvinner kan i løpet av ein syklus oppleva variasjonar i humør, sexlyst, energi, appetit og søvn- og sosialiseringsbehov. Er du kjent med korleis hormonane fungerer, kan du vera godt forberedt på endringane før dei kjem.

 

Me har tre hormon som dominerer syklusen vår: østrogen, progesteron og testosteron. Dei følgjer eit fast mønster i kvar syklus, og påvirker kropp og sinn på kvar sin måte. La oss bli kjent med korleis. 

To hovedfasar av syklusen

Først deler me syklusen inn i to: follikkelfasen og lutealfasen. Follikkelfasen byrjar dagen du får mensen, og varer til du får eggløysing. Lutealfasen byrjar rett etter du har hatt eggløysing og varer til du får mensen igjen. Dei er begge dominert av kvart sitt hormon, som har ganske ulik effekt.

 
 

Dei som dominerer er østrogen og progesteron. Østrogen vil at du skal gjera aktiviteter som får deg befruktet, progesteron skal gjera deg klar til graviditet, i tilfelle egget i eggløysinga blir befrukta. 


Dette er sett frå eit reint biologisk perspektiv og betyr ikke at du her og no har lyst på barn. Men å vita korleis biologien vår fungerer, hjelper å forstå korleis åtferden vår kan endra seg i løpet av syklusen.

 

Østrogen dominerar i follikkelfasen og gir deg draget

Østrogen er ansvarleg for mykje av det me stereotypisk tenker gjer kvinner til kvinner. Dette inkluderer timeglassfiguren, bryst og reproduksjonssystemet. Østrogen er instrumentell i å gjera kroppen klar for å bli gravid ved å blant anna  motivera til sex og gje sjølvtillit. 

Du kan bli kåtare, du føler deg meir sexy, er meir open for nye erfaringar, gjør meir for å pynta på utsjåande og du verkar sunnare. Studiar viser til og med at rundt eggløysning, så sørgjer feromonane våre for at me luktar betre for menn! 

Østrogen gir deg draget, med andre ord.

 

Progesteron dominerar i lutealfasen, og gir deg eit større behov for å slappe av 

Progesteron er det samme hormonet som skiljast ut ved graviditet. I denne fasen vil du føla deg meir sulten, søvnigare og meir avslappa enn i follikkelfasen. I motsetning til follikkefasen, der du vil ut og utforska, får progesteron deg til å trekka deg tilbake. Det stimulerer danninga av melkekjertlar i brysta og gjer kroppen treigare.

I lutealfasen kan du derfor oppleva å bli forstoppa, sovna lettare, vera slitnare og spisa meir enn du vanlegvis gjer.

 

Slik ser hormonsyklusen ut

Rundtdag tre av mensen aukar produksjonen av østrogen. Østrogen gjer at eggfolliklane modnast, og den mest modne follikkelen blir sloppe og me har eggløysing.

 
 

Når egget er frigjort, blir follikkelen gjort om til noko me kaller corpus luteum, også kalt det gule legemet. Corpus luteum har ein levetid på maks 14 dager og produserer progesteron. 

Noko av det kule med progesteron, er at det får kroppstemperaturen din til å auke med opptil 0,5 ºC. Det vil sei at å ta temperaturen kvar morgon, er eit ypperleg verktøy for å finna ut om du har hatt eggløysing eller ikkje. 

Testosteron varierer ikkje så mykje som dei andre to hormona, men aukar berre rett før eggløysing og synker etterpå. Dette gjev konkurranseinstinkt, aukar motivasjonen for sex og hjelper oss å bygga musklar. 

Tiden rundt eggløysing er derfor ein ypperleg tid til å ta i litt ekstra på treninga.

 

Logg syklusen din

Me så store hormonelle endringar i kroppen kvar månad, er det ein god idé å følgja med på kor du er i syklusen. Då veit du at du ikkje skal legga for mange planar dei siste dagane før du får menstruasjon, og at eggløysing er for eksempel eit godt tidspunkt for ein date eller å be om lønspålegg. 

Menstruasjonssyklusen blir ofte beskrive som noko irriterande me kvinner må plaga oss gjennom. Men å jobba med syklusen sin, i staden for mot, kan vera ein frigjerande ting. Det ligg mykje makt i å kjenna seg sjølv. 

Bli kjent med kroppen din, den er magisk.

Kjelder:

Hill, M. (2019) Period power. London: Green Tree.

Hill, S. E. (2019) How the pill changes everything. London: Orion Spring

Previous
Previous

Blir afrikanske kvinner diskriminert i det norske helsevesenet?

Next
Next

Håp om offentlig behandling for alle med lipødem