Nesten kvar femte samiske kvinne blir utsett for partnarvald

 
Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

 

For første gong har forskarar undersøkt korleis partnarvald verkar på den psykiske helsa til samiske kvinner. No vil dei ta forskinga eit steg vidare.

 

Eit host. Det er alt som skal til for at «Liv» veit at far hennar sit bak ho i rettssalen. Liv blir overmanna av frykt og får sitt første panikkanfall i vitneboksen. Far hennar blir dømt til fengsel for vald og seksuelle overgrep.

Det var 1993. Han var ute etter to år, og Liv kjende seg aldri trygg. I vaksen alder, nesten 30 år seinare, pregar angsten og traumene livet hennar.

Liv vaks opp i konstant frykt, der vald og drapstruslar frå faren var daglegdags. Når Liv skildrar far sin i boka Den mørke hemmeligheten i Tysfjord av Anne-Britt Harsem, er det som ein tyrann, ein diktator som styrer alt ned til når dei får gå på toalettet. Han har banka mora hennar så lenge ho kan hugse. Mora skildrast tidvis som eit spøkelse; ho røykar sigaretter og stirar tomt ut vindauget.

 
Krakk.png

Når Liv skildrar far sin i boka Den mørke hemmeligheten i Tysfjord av Anne-Britt Harsem, er det som ein tyrann, ein diktator som styrer alt ned til når dei får gå på toalettet.

Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

 

Nesten én av fem

Det er lenge sidan Liv vaks opp, men valden finst fortsatt i heimar over heile landet. Ein fersk studie syner likevel at samiske kvinner er meir utsette for partnarvald enn ikkje-samiske kvinner.

Studien peiker på det i media har vore mykje fokus på seksuell vald i samiske miljø, men at det har blitt gjort lite forsking på vald i nære relasjonar, og samanhengen slik vald har med den mentale helsa blant samar.

Liv var ein av dei elleve som sto fram i VG i 2016 og fortalte om omfattande overgrep gjennom mange år i det lulesamiske bygdesamfunnet i Tysfjord i Nordland.

Den samiske artisten Ella Marie Hætta Isaksen har stått fram som ein av dei mange samiske kvinnene som har blitt utsett for psykisk og seksuell partnarvald.

«Jeg vil ikke fremstå som unik, min erfaring er tvert imot altfor vanlig», sa ho til A-magasinet i 2019.

Den ferske studien syner at 17,2 prosent av dei samiske kvinnene rapporterte om ein eller fleire typar partnervald – anten emosjonell, fysisk eller seksuell. Til samanlikning rapporterte 11,8 prosent av ikkje-samiske kvinner om det same.

 
Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

 

Vil finne ut kvifor

Astrid M. A. Eriksen er postdoktor ved Senter for samisk helseforsking ved UiT Norges arktiske universitet. Ho er ein av forskarane bak studien,  som blei publisert i Scandinavian Journal of Public Health.

– Vi veit ikkje årsaka til at samiske kvinner er meir utsett for partnarvald enn ikkje-samiske kvinner, skriv Eriksen i ein e-post til Hysteri.no.

Samstundes tyder funna på at det er ei samanheng mellom å bli utsett for vald i barndommen – slik Liv blei – og å bli utsett for vald frå partnaren sin i vaksen alder. Liv har i vaksen alder vore i destruktive forhold der ho blei slått, sparka og dårleg behandla.

«Og jeg har tatt imot. Fordi jeg har vært vant til det. Det har vært tryggheten, selv om jeg har visst at det var galt», fortel Liv i Harsems bok frå 2019.

Liv er ikkje aleine. Medan éin av fem kvinner som har opplevd vald i barndommen blir utsett for partnarvald, er talet éin av ti hos kvinner som ikkje har det. Det same mønsteret gjeld menn.

Forskarane har brukt data frå SAMINOR 2-undersøkinga, ei spørjeundersøking som blei gjennomført i område med samisk og norsk busetting i 2012. No planlegger dei ei ny undersøking for å lære meir om kva som ligg bak.

– I SAMINOR 3 håpar vi å få fleire svar på dette komplekse samfunnsproblemet. For å kunne sette inn riktige tiltak, er det viktig å vite årsaker, påpeiker Eriksen.

 
Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

 

Krev tillit til hjelpeapparatet

I Den mørke hemmeligheten i Tysfjord, er lojaliteten mellom familiane i det samiske miljøet sterk, skepsisen til storsamfunnet like så.

Barnevernet skildrast som eit hovudlaust monster. Det var noko dei vaksne truga med, dersom dei fortalte nokon kva som føregjekk heime.

Ein lærar som kom utanfrå og såg at noko var galt, skulle bli avgjerande for at barnevernet og politiet til slutt greip inn.

Eriksen meiner arbeidet mot vald i nære relasjonar og partnarvald må intensiverast på fleire område for å få bukt med valdsstatistikken blant samiske kvinner. Og nettopp politi og helsepersonell har eit spesielt ansvar for å følge opp, meiner ho.

– Likevel høyrer ein overraskande ofte at valdsoffer, ofte slått helselause og liggande på sjukehus, blir oppfordra til å melde valdsutøvaren, skriv Eriksen, og legg til:

– Verkeleg? Skal det ansvaret ligge hos ein person som er utsett for vald frå ein dei er glade i og fryktar, og kanskje bur saman med? Hos ein person som sannsynlegvis er redd for livet sitt, og som inst inne veit det vil skje igjen? Skal ansvaret for å politimelde ei kriminell handling berre ligge her?

Samstundes peiker ho på at alle i Noreg har avvergingsplikt, det vil seie ei plikt til å «søke å forhindre» at alvorlege straffbare handlingar skjer. Dette er nedfelt i straffeloven, og går framfor teieplikta.

– Det krev tillit å seie ifrå. Den samiske valdsutsette kan ha andre grunner til å tie, og å frykte sin valdsutøvar enn den valdsutsette frå majoritetsbefolkninga. For å tørre og opne seg, krev det tillit til hjelpeapparatet. Et hjelpeapparat som viser kultursensitivitet, kunnskap, openheit og toleranse inngir tillit.

Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

Illustrasjon: Kjersti Berge Mesna

 

Angst og depresjon

I sommar har NRK fortalt historia til den samiske kvinna «Anne».  Ingen av dei næraste kring ho visste om den fysiske og psykiske valden kjærasten utsette ho for. Ein gong prøvde han å drepe ho. Anne kom seg ut av forholdet, men som Liv er ho endå prega av valden.

– Mange valdsutsette slit både med psykiske og fysiske helseproblem, både ved pågåande vald og etter partnarvalden er avslutta, skriv Eriksen.

I studien har ho og kollegaene sett på samanhengen mellom partnarvald og symptom på angst og depresjon hos samar og ikkje-samar. Det har ikkje blitt gjort tidlegare.

– Studien vår syner at det er ei sterk samanheng mellom å vere utsett for partnarvald og psykiske helseplager som symptom på angst og depresjon, skriv Eriksen.

Ho understrekar at det ikkje var noko forskjell mellom etnisitet eller kjønn på dette.

– Det vil seie at vald er like alvorleg for ein person si psykiske helse, uansett om ein er kvinne eller mann, same eller nordmann. Vi veit også frå anna forsking at partnarvald har negativ verknad på den fysiske helsa, og deltaking i samfunnet generelt. At det påverkar livet og livskvaliteten er det altså inga tvil om.

 

Førebyggande tiltak

Forskarane har endå ikkje svara på kvifor fleire samiske- enn ikkje-samiske kvinner blir utsett for partnarvald. Forfattar Anne-Britt Harsem har spurt seg korleis overgrepa i Tysfjord kunne skje, utan at nokon greip inn. Det blei til ei ny bok i 2020.

Men allereie i forordet til boka om Liv, har ho ein teori om korleis det kunne skje utan at nokon i hjelpeapparatet greip inn før det var forseint. Den handlar både om korleis samefolket har blitt behandla av storsamfunnet, men også tilknyttinga mange av dei har til den kristne vekkingsrørsla læstadianismen.

Samenes skepsis til selv å be om hjelp har flere årsaker. En grunn er mange år med undertrykkelse og diskriminering. Terskelen har vært høy for å si ifra, å be om hjelp fra det norske hjelpeapparatet. Deres tradisjon har vært å ordne opp selv, noe som også er en av grunnpilarene i den læstadianske tro. Kanskje har redselen for å bringe skam over det samiske folket også vært til hinder for å si ifra.

Kva forskarane vil finne svar på i SAMINOR 3, gjenstår å sjå. Postdoktor Astrid M. A. Eriksen er likevel klar på kva som kan hjelpe for å få ned tala på partnarvald mot samiske kvinner. Ho peiker på fleire tiltak for å hindre vald mot kvinner generelt, som handlingsplanar i kommunane, og omvendt valdsalarm.

– De samme tiltakene for å forebygge, avdekke og behandle partnervold vil gjelde for samiske kvinner som alle andre kvinner. Men i tillegg er det behov for kultursensitive tjenester.

Previous
Previous

Rapport om psykisk helse under pandemien indikerer størst økning i psykiske plager hos kvinner

Next
Next

Barselopprøret forteller: – Det henger igjen en oppfatning av at kvinner er hysteriske